mandag 22. februar 2010

Vinterferie

Da er første dag av vinterferien over. Den har eg nytta til å skysse ungar hit og dit, det vil seie alpinbakke og andre høvelege plassar. Innimellom all køyringa har eg blogga og kommentert andre medstudentar sine bloggar. Mange flotte bloggar. Sidan oppgåva mi i norsk er ferdig skal eg nytta ferien til å gjere ferdig veiledningsdokument og praksisplan for våren. Eg har som mål å gjere unna etter kvart så det ikkje hopar seg opp. Trur denne våren blir travel. Må også kome i gang med utviklingsdokumentet snart. Er det nokon av dykk som kan tenkje seg å dele/samarbeide om spørsmåla til kunnskapsprøven. Eg har kome i mål med nesten alle, har igjen nokre om litteratur. Vi kan samanlikne dei svar og forslag til svar som vi har kome fram til. Sjåast
Loading...